Noko varar, alt går over - Antologislipp
Repetisjonen, tre-aktsstrukturen, det komiske, det tragiske, steinen i motstraumen, strevet, den harde huda som krystalliserer seg på hendene når ein har prøvd sitt beste, tilbakefallet, nytt forsøk.
Dette er Sisyfos sitt epitafium, og ånden som Noko varar, alt går over er skrevet i. I den fjerde antologi-utgjevnaden frå Immaturus si noverande skrivegruppe er kortprosaen og novellen fokuset. Eit uvand skifte for dei fleste, men med Sisyfos som ledande eksempel kunne ein ikkje ha forventa mindre
Noko varar, alt går over er den fjerde antologi-utgjevnaden frå Immaturus si noverande skrivegruppe.
Dette semesteret har gruppa, etter beste evne, forlat komfortsonen og utfordra seg sjølv til å utforske prosaens uttrykk. Den ustanslege, rett fram måten å tvinge seg over papiret på. Inspirasjon for denne novellesamlinga har av den grunn vore ingen ringere enn Sisyfos. Han som vart dømt til å rulle ein stein opp eit fjell inn i ævelengda.
Noko varar, alt går over er derimot ikkje ein moderne gjenforteljing av den greske myten, men er snarere skrevet i Sisyfos' ånd. Sisyfos-skikkelsen representerer tross alt så mykje. Han er repetisjonen, tre-aktsstrukturen, det komiske, det tragiske, steinen i motstraumen, strevet, den harde huda som krystalliserer seg på hendene når ein har prøvd sitt beste. Dette er linjene Noko varar, alt går over har fulgt, og vi ser fram til å demonstrere strevet for dykk.
Restriksjoner
Det er ikke lov med peanøtter på dette arrangementet!
Ansvarsfraskrivelse
Studentbillett og medlemsbillett vil ikke kunne benyttes uten at studentbevis eller medlemsbevis fremlegges sammen med billetten. Om du har dagspass eller festivalpass, må dette fremvises i billettluken.