Dionys-oss studentteaterfestival

Arrangementsinformasjon

Studentteateret Immaturus ynskjer i samarbeid med Teater Neuf, Samfundets Interne Teater og Teater Kælderen velkomen til studentteaterfestivalen Dionys-oss. I ei tid då då kunstnerisk fridom og nye idear er viktigare enn på lenge opnar me Kvarteret for ein fest dedikert til nettopp dette: fri samtale, fri kunst, og frie tankar.


På programmet finn du "Kvinnemonologene" av Teater Neuf, hørespillet "Siste natt på Samfundet" av Studentersamfundets Interne Teater, "Mellem Vægge" av Teater Kælderen (DK) og "Dionysia" av Studentteateret Immaturus.

Laurdagskvelden avsluttast med eit Helhus - ein temafest av den sorten som kun finnest på Det Akademiske Kvarter - der feiringa held fram, sjølv om scenene har stilna for dagen. Og det er her namnet på arrangementet kjem til sin rett - trekk deg i togaen, finn fram di indre mænade eller kanaliser Thespis, og la deg henføre av mysteria me byr på.

Med festivalpass får du tilgang til heile programmet under Dionys-oss studentteaterfestival.

Dionys-oss studentteaterfestival vert arrangert med støtte frå Kulturstyret og Bergen kommune.


amatørteater
teater
student
studentfestival
detakademiskekvarter
studentteater
immaturus
kvarteret

Restriksjoner

Med unntak av avlysning vil ingen kjøpte billettar bli refunderte. Billetten vil gjelde som inngangsbevis på Helhus: Dionys-oss, soframt innehavar oppfyller alderskrava til Det Akademiske Kvarter.